OM UTVIK MASKIN
Utvik Maskin AS kom frå Hage & Kårstad Maskin, eit personleg selskap starta på
slutten av 1960 talet. Selskapet blei omdanna til aksjeselskapet Utvik Maskin AS
i 1997.
Selskapet driv med det meste innan anleggsvirksamheit. Vi har 2 mann med
sprengingssertifikat, og tek på oss det meste innan sprenging, graving og
transport. Vi har lang erfaring med tomtearbeid, muring av naturstein og alle
slags grøfter, frå kabelgrøft til kraftverksgrøft. Vi har til ein kvar tid det
utstyret som skal til for å utføre det arbeidet vi tek på oss. Vi har: Hand- og
maskinmontert boreutstyr(CPA), hydraulisk hammar, gravemaskiner på 8,15,23,27
tonn, lastebil, dumper, anleggstraktor og atv til transport, samt komprimering
og nivileringsutstyr.
I
2008 kjøpte vi Maskinrep AS og danna det om til Vikane Mek. Vikane Mek er ein
verkstad der vi reparerer og driv vedlikehald av eige utstyr. Vi tek og på oss
rep/vedlikehald av andre sitt utstyr, og skifter alt av dekk frå trillebåre til
anleggsdumper. Vi har og salav dekk og tilbyr dekkhotell i Vikane Mek sine
lokaler. Vi har og ein 5-tonns truck til av og på lasting.
Vi er og formidlar av
alt Husqvarnautstyr .
Vårt arbeidsområde er primært i Indre Nordfjord.
I
2001 starta vi opp ein underavdeling; Moldreim Skifer, som i 2010 blei eige
selskap Moldreim Skifer AS. Der tar vi ut skifer og naturstein til hand- og
maskinmuringar og for sal.
I
2008 blei vi opplæringsbedrift og har i dag 3 lærlingar.
Vi har PBL Styringssystem for å ivareta plan- og bygningslova
(godkjenningsfôreskrifta) og vi har sentralgodkjenning.
Vi har HMS- system for å sikre systematisk helse-, miljø og sikkerheitsarbeid i
verksemda. Dagleg leiar og HMS ansvarleg er Arne Hage.
Vi er medlem av Indre Nordfjord bedriftshelseteneste.
Målsetting
Firmaet har satt seg som mål å utføre arbeidet vårt på ein profesjonell og
effektiv måte, med høg kvalitet på arbeidet. Samt ivareta krav som myndigheiter
og kundar set til utføring av arbeidet.
Kontaktinformasjon:
Utvik Maskin AS
6797 Utvik
Telefon: 57876655
E-post: post@utvikmaskin.no
Hjemmeside: www.utvikmaskin.no
Vis større kart |